Det er ofte litt forvirring rundt kartprojeksjoner og hvilken man skal benytte i BIM-prosjekter.
Det som er helt avgjørende er at alle de prosjekterende benytter samme, men i byggesaker skal det i utgangspunktet benytte EUREF89 NTM. Les også artikkelen vår om utfordringer med bruk av reelle verdenskoordinater her.
Statens kartverk skriver følgende på sine hjemmesider:
Som offisiell kartprojeksjon i EUREF89 bruker vi UTM, Universal transverse mercator. For bruk i bygg- og anleggsbransjen er det innført ein sekundær offisiell projeksjon, EUREF89 NTM.
UTM - Universal transverse mercator
"UTM er ein Gauss-Krüger-projeksjon med 6° sonebreidde. Berøringsmeridianane er 3°, 9°, 15° osv. aust for Greenwich. På grunn av den store sonebreidda er det lagt på ein målestokkfaktor på 0.9996 langs berøringsmeridianen. Dette inneber at ein avstand målt i terrenget, må korrigerast med inntil 400 ppm (parts per million) eller 4 cm/100 meter, avhengig av avstand frå sentralmeridianen, for å kunne reknast om til ein avstand i kartplanet. Det er avgjort at sonene 32, 33 og 35 skal brukast til kartlegging i Noreg."
NTM – kartprojeksjon for bygg- og anleggsføremål
For bruk i bygg- og anleggsbransjen er det innført ein sekundær offisiell projeksjon
EUREF89 NTM - Norsk Transversal Mercator (pdf) med sonene 5–30.
Projeksjonen har desse eigenskapane:
- 1 grads sonebreidde
- Sentralmeridian kvar halve grad, 5º30’, 6º30’, osv.
- Målestokk 1.0000 i sentralmeridianen (tangering)
- 1 000 000 (1 million) i falsk offset nord (N=1 000 000 ved B=58º Nord) og 100 000 (hundre tusen) i falsk offset aust
- Same geoide- og ellipsoide-modell som EUREF89 UTM
- Maksimal målestokkskorreksjon 11 ppm innanfor naturleg sone
Kilde: https://www.kartverket.no/til-lands/posisjon/kartprojeksjonar
NB! Tjenester slik som Norkart sitt e-torg, vil kunne automatisk gi deg riktig sone ut fra adressen til eiendom du bestiller kart for.